KGFH's Julekalender 2018
Luke 21

   
               
 

Lydighets-mastiffen Iris

av Renate Skophamar
 

 
               
     
 
     
     

 

   
         
 

 

Lille Iris kom til Norge rett i underkant av 4 månadar gammal, etter ein lang biltur frå Sør-Frankrike til Luster i Sogn. Tydeleg prega av å ha blitt revet vekk frå mor og søskenflokk i ein sårbar alder og frakta halve verden rundt, var Iris lettare engsteleg i dei nye omgivelsene og veldig lite trygg på seg sjølv. Her måtte noko gjerast for å bygga sjølvtillit!

Som medlem i Luster Hundeklubb, ein veldig aktiv lokal  hundeklubb innan både spor-, rally-, og lydighetstrening, var det masse god hjelp å få. Allerede 4 månadar gammal var Iris og eg i gong med å trena både rally- og lydighet, med einaste mål å ha det gøy og bygga opp eit samarbeid basert på tillit mellom hund og eigar. Me starta i det små med fokus på kontakt, og enkle øvelser som sitt, ligg og innkalling - og MASSE fokus på belønning og leik. Dette gav resultat utruleg fort, og den usikre kvalpen forvandla seg sakte men sikkert til ei sjølvsikker krutt-tønne - og dermed starta måla våre å endra seg; me ville sikta mot konkurransar.
Å konkurrera i lydighet med ein mastiff har blitt samanlikna med å delta i Formel1 med ein Lada, men så feil kan ein ta. I tillegg til å vera ein enormt stor og tung hunderase har mastiffen eit rykte på seg for å vera meget sta og eigenrådige, og det er heilt korrekt. Den store forskjellen ligg dermed i å få mastiffen til å VILLA trena, og klarar ein dèt, så vil mastiffens stahet og utholdenhet snus til eigar sin fordel; ein får ein hund som virkelig vil gi ein innsats! 

Som oss eigarar flest så jobbar heller ikkje hundene våre gratis, og nøkkelen ligg dermed alltid i belønningen. Me brukte derfor masse tid på å læra Iris å leika, både med leiker og med meg sjølv, læra ho å levera tilbake leikene når belønninga var over, læra ho å «eksplodera» i forventing når belønningsordet vart gitt. Me brukte masse tid på å rangera godbitane ho likte best, og bruka dei bevisst i treningen. Til dømes kunne ho få pølsebiter når ho var veldig flink - men nystekte vafler når ho var ekstra flink. Og ekstra flink var Iris veldig ofte! Men oftast på trening….
Her kjem me tilbake til Mastiffens stahet. Iris hadde lært å trena heime. Ho hadde lært å trena på den lokale bana til hundeklubben, og i nærområdet rundt, og her var ho trygg som berre det. Ho var teknisk utruleg flink og overraskandes lett på foten, og innsatsen var fantastisk.
 

 
         
  Trykk for video
 
         
 

Heilt til me kom på konkurransar… Her hadde Iris som oftast aldri vore før, og «på plass» kunne dermed umulig bety det samme på denne plassen som det gjorde heime - eller kunne det….? 
Dette er eit problem eigarar ofte støter på når ein skal konkurera, og frustrasjonen over ein hund som plutseleg ikkje lenger kan noko som helst er velkjent hjå mange. Her må ein læra hundene generalisering. Hundene må faktisk læra at «sitt» betyr «sitt» uansett om ein er heime på tunet eller midt på Karl Johan, og nøkkelen ligg i å trena på mange ukjende plassar, med ekstra gode belønninger tilsvarande vanskelighetsgraden for hunden. Dette lærte me på den harde måten, etter å ha «slepa oss» gjennom mang ei rallybane med 0.premie og max antall straffepoeng på brukt tid..

 
         
  Trykk for video
 
         
 

Me starta å generalisera, og Iris var ofte å sjå på trening i parkar rundt omkring, rett utanfor inngangen til det lokale handlesenteret i beste shoppingstid, og mange andre plassar som gav eigaren høg puls tilnerma konkuransenerver, og det gav fort resultat. Iris lærte seg å bli «blind» for omgivelsane rundt, og det gav oss masse lønn for strevet. Iris oppnådde dei 3 1.premiane i rally klasse 1 på kort tid, og vart den første Mastiffen i landet med mellomtittelen «RL1» på stamtavla, og debuterte i rally klasse 2 med 1.premie og pall-plass dagen etter oppnådd opprykk frå klasse 1.

 
         
  Trykk for video
 
         
   
         
 

Dette gav blod på tann hjå ei god venninne av meg, og plutseleg var det 2 engelske mastiffar å sjå i rallyringen rundt om i Norge. Kort tid etter kom neste mastiff med mellomtittel; RL1 Siddis Edda, eigd og ført av Line Gravningsmyr.

 
         
   
         
  Etterkvart ville me prøva oss på lydighetskonkurransar. Dei som er kjend med sportane veit at det er langt lettare å oppnå resultat i rally enn i vanleg lydighet, ettersom ein i rally har lov til å hjelpa hundane, snakka med/oppmuntra hundane undervegs, og ei heil rallybane er gjennomført på knappe 2-3 minutt. Lydighet der i mot er meget strengt og autoritert, og til og med det minste skeivblikk i bana blir dømt nord og ned som dobbelkommandoar og poengtrekk. For ikkje å nevna varigheten på eit heilt lydighetsprogram, og utholdenheten som kreves av hunden for å ikkje mista motet på vegen mot belønning. Dette er nok største årsaken til at majoriteten av hundane som konkurerar i lydighet i dag er Border Colliar…
Gleden var derfor ubeskriveleg stor når Iris i sin offisielle debut i lydighets klasse 1 enda opp med å oppnå 1.premie med 169 poeng av 180 mulige, og til og med vart klassevinnar ut av heile 9 deltakarar i klassen!! 
 
         
  Klikk for video
 
         
   
         
 

Iris har lært meg så mykje om hund og hundetrening, og me har hatt så masse gøy på vegen fram mot konkurranseringen - til tross for tidvis mykje frustrasjon, stanging i veggen og stadig nye grå hår hos matmor. Men ein ting er sikkert, Iris har vist både meg og alle dei rundt oss; Mastiffen kan!