KGFH's Julekalender 2019
Luke 10

   
               
     

Hella
av Skop

     
     

 

     
     

Hei!

Mitt navn er Hella, og sjølv om folk flest trur eg er ein veldig stor Leonbergar, så er eg ein Engelsk Mastiff. Ja - eg har faktisk min heilt eigen stamtavle til å bevisa det! :-)
  

Eg vart født i Tyskland hjå Kennel Celtic Mountain i november 2017, men sidan både mamma og pappa viste seg å vera bærarar av langhårs-genet så dukka det opp 4 fluffy overaskelsar i eit kull på 6 kvelpar. Gjett om oppdrettar vart overaska når ho innsåg at eg og mine 3 søsken ikkje berre hadde ein godt velutvikla kvalpepels, hihihi..

 

Langhårs-genet gir heldigvis kun ein estetisk feil, og ingen helsemessige utfordringar, så ved 8 vekers alder flytta eg til ein familie i Øst-Tyskland som oppdrettar Sybilla fortalte meg at hadde ønska seg ein Mastiff i familien lenge. Korleis tiden min i denne familien har vore veit desverre ingen av folkene mine noko om, men over nyttår 2019 fikk oppdrettar Sybilla ein telefon frå familien min om at dei ikkje lenger ønska meg, og at oppdrettar måtte komma og henta meg tilbake fortest muleg.. Det viste seg dessverre at familien min hadde ønska seg ein vakthund, og ikkje familiehund, og sjølv om dei hadde oppdratt meg etter beste evne for å bli best muleg til nettopp det, så meinte dei at eg var ubrukeleg… Sjølv om eg budde åleine i ein hundegård ute på tunet med eit lite skur til å sova i døgnet rundt, så klarte eg likevel ikkje å varsla når det kom folk på tunet, for eg vart alltid glad uansett, og det kunne ikkje ha fallt meg inn å bjeffa på dei. Familien min var no lei over min manglande evne til å vokta, og trengte no plassen eg opptok på tunet til ein ny dobermann…

Oppdrettaren min hadde dessverre ikkje anledning til å komma sjølv for å henta meg når ho fikk telefonen, for ho budde 8 timar vekke, og hadde eit nytt kull på mamma’n min på kun nokre vekers alder heime som ho ikkje kunne reisa i frå. Ja, og så hadde ho i tillegg besøk av ei dame frå Norge som eigde pappa’n til det nye kullet, som visst nok var der for å velge ut parringskvalp. Oppdrettar Sybilla satte likevel himmel og jord i bevegelse for å få meg raskest muleg heim, og det gjekk ikkje lange stunda før oppdrettar Sybilla sin mann og datter hoppa i bilen og gav seg ut på vegen for å henta meg.

Eg kom tilbake til Hinzert Pölert dagen etterpå, og alle syns eg var eit sørgeleg syn…. Kvifor kan eg ikkje forstå, for eg var jo så glad, og gjorde mitt aller beste for at alle skulle lika meg. Likevel tok oppdrettar Sybilla og den norske dama meg med rett til dyrlegen, og det syns eg var litt skummelt sjølv om dyrlegen egentlig var ein veldig hyggelig mann.. Av dyrlegen plukka dei av meg hundrevis av digre flåttar, barberte av meg floker, og eg fikk medisinar og behandling mot utøy, øyremidd og øyrebetennelse. I tillegg sa dyrlegen at eg ikkje hadde muskler på kroppen, og at eg var blitt skeiv i ryggen min… Oppdrettar Sybilla var veldig skuffa over at eg hadde blitt så dårleg stellt, men sjølv syntes eg at eg egentleg hadde hatt det fint eg…

 Heime av oppdrettar Sybilla fikk eg komma inn i huset. Det var ikkje eg vandt til, så det syns eg var litt rart… Dei andre mastiffane virka til å ha vore inne mange ganger før, for dei kunne husreglane, så det var kun meg dei måtte passa på at ikkje tissa inne. Det var visst ikkje lov! Oppdrettar Sybilla var litt lei seg, for ho meinte at det kom til å bli veldig mykje jobb med meg, og det hadde ikkje ho mulighet til å ta på seg i tillegg til sine eigne mastiffar + eit ungt mastiffkull, så ho ante ikkje kva ho skulle gjera med meg… Den norske dama med den store, mørke rare hannmastiffen sa at sidan eg vertfall hadde vaksinene mine i orden, så kunne eg få bli med dei heim til Norge, og det vart oppdrettar Sybilla veldig glad for!

Nokre dagar seinare var me nok ein gong tilbake i bilen, denne gangen i lag med den norske dama og den rare hannhunden, og no skulle me LANGT! Frykteleg langt. Me køyrte i timesvis på vegen, ja me tok til og med ein stor båt, og når me ENDELEG var kommen i land… Ja, då skulle me jammen køyra endå lenger då også. Den rare hannhunder virka til å ha køyrt her før, for han sov heile vegen. Eg var litt meir spent på turen, i tillegg til at eg måtte luftast ofte sidan eg ikkje hadde lært at det ikkje var lov å tissa i bilen heller.

Etter eit døgn var me endeleg framme, og gurimalla for ein kul plass dette var. Her var det både snø i massevis, kattar, høner, ender, ja til og med grisar. Og eg fikk gå i lag med alle dyra! I vertfall ei lita stund, heilt til eg jaga endene over til naboens hage…Det var SKIKKELEG gøy, sjølv om den norske dama vart ganske så sur! Etter episoden med endene måtte eg ha på meg ei lang line som hang etter meg når me var ute med dei andre dyrene, så den norske dama kunne stoppa meg dersom eg prøvde å ha det litt for gøy. Heldigvis lærte eg meg ganske fort kva som var lov og ikkje, og eg har blitt ganske god venn med alle dei andre rare dyrene her. I tillegg til å læra meg å omgås dyrene, så måtte eg også læra meg å bli stellt… Som f.eks å klippa klør..

 

  

 

No har eg budt i Norge i snart eitt år, og her trives eg veldig godt. Ein månad etter at eg flytta hit for første gang var me tilbake til oppdrettar Sybilla og henta parringskvalpen, Ingemår, som faktisk er min halvbror, og ein ganske så kul fyr. I tillegg til det så kom det siste tilskotet til familien i haust,  lille Ingeborg på 4 månadar frå Danmark. Ho er også ganske kul, men eg har litt meir jobb med å setta ho på plass ettersom ho er ei ganske prøven ung dame… Mykje enklare med dei to gutta i huset, som veit at det er eg som bestemmer.

Seinast i haust var eg tilbake i Hinzert og besøkte oppdrettar Sybilla, som syns at eg har blitt ei skikkeleg flott mastiff-dame. Ja, faktisk så har eg fått såpass med muskler på kroppen at ryggen min til og med snart er rett blitt. Oppdrettar Sybilla er veldig glad for at eg flytta til Norge - og det er eg også. :-)

Her er meg og min norske

mamma på ein av våre

mange fjellturar. Det likar

eg veldig godt!